Biskop Ragnhild

Ragnhild Jepsen vart biskop i Bjørgvin i 2023. Ho leier det største bispedømet i landet, og er også biskop for dei norske kyrkjene i utlandet (Sjømannskyrkja).

Biskop Ragnhild

– Eg ser fram til på bli kjent i bispedømet og med menneska her, med kyrkjelydane, både tilsette og frivillige medarbeidarar. Eg ønskjer også å vera ei tydeleg stemme i kyrkja og på vegner av kyrkja, seier den komande biskopen kort tid før vigslinga. 

Ragnhild Jepsen har vore prest i 25 år, først som kapellan i Åmot i Østerdalen, sidan som kapellan og sokneprest og frå 2011 domprost i Nidaros domprosti. 
– Dette har gjeve meg mange erfaringar og møte med menneske i sorg og glede som eg tek med meg. Eg har som prost også vore mykje med i rådsarbeid, bl.a. fellesrådet i Trondheim. Eg er oppteken av at både organisatoriske strukturar og alt det praktiske med bygningar og liknande gjev gode rammer for at kyrkjelyden kan driva sitt kyrkjelydsbyggjande arbeid,  seier den nye biskopen.

Biskopen leier prestetenesta i bispedømet, i tett samarbeid med prostane som står for den daglege leiinga i kvart prosti.

Biskopen har tilsyn med kyrkjelydane og besøker kvart år ein del av dei på sine visitasar. Biskopen har òg tilsyn med Sjømannskyrkja og vitjar regelmessig deira kyrkjer.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"